Frå 28.april vil vaksinering av innbyggarar i Dovre foregå ved beredskapsenteret (brannstasjonen) Jora industriområde. Avkjøring fra E136 og 1. veg til høgre etter Gausdal landhandleri. Skilta.

Tilbod om vaksine denne veka ; 

Gruppe 4: 65 – 74 år og i tillegg tilbod til dei mellom 18 og 64 år som har sjukdom/tilstand med høg risko  for alvorleg forløp. Vi reknar med å vere ferdige med denne gruppa om lag i veke 19. Vi veit om lag ei veke i forvegen kor mange vaksiner vi får til veka etter. Dette gjer det svært utfordrande med å være forutsigbar.  Det har kome signal om at vi vil kunne få fleire vaksiner framover og dette gjev håp om fortgang i vaksineringa framover våren.

Gruppe 5: 55- 64 år med underliggjande sjukdom/tilstand.  Så snart gruppe 4 er ferdigvaksinert vil gruppe 5 bli prioritert. Kartlegging av denne gruppa er under planlegging og informasjon vil bli gjeve om stutt tid.

Gruppe 6: 45 – 54 år med underliggjande sjukdom /tilstand.

Gruppe 7: 18 – 44 år med underliggjande sjukdom/tilstand.

Dersom du ikkje tidlegare har meldt fra til lege/eller har sagt i frå at du ynskjer vaksine og har ein sjukdom/ tilstand som meina at dei høyrer til i høgrisikogruppa eller som  er i riskogruppe må kontakte fastlegen sin snarast. Fastlegen din melder inn til Kommunelegen i Dovre dersom du høyrer til i risikogruppa. NB! Det er legen som tek stilling til om du er i risikogruppe eller om du høyrer til i høgrisikogruppa. Vi kallar inn etter alder og etter liste fra legane.

Vaksinekoordinator Oddny Garmo og Ann Kristin Hagevold