Det er på formiddagen i dag stadfesta 4 nye smitta i Dovre kommune, og i tillegg 1 positiv hurtigtest. Sistnevnte må stadfestas med PCR-test. Smittesporing er i full gang. Om lag 150-200 personar sitt i smittekarantene, i tillegg til ein del i ventekarantene.

Ingen nye positive testar i Lesja.

Vi ber innstendig alle om å gje både legekontor og smittesporingsteam ro til å jobbe med den viktige jobben dei gjer med testing og smittesporing. Alle som skal ha beskjed om feks karantene får beskjed direkte. Følg med på krisestab.no, her kjem alt av informasjon om smittesituasjon og eventuelle tiltak så snart det er bekrefta og offentleg.