Brannsjefen i Lesja og Dovre beskriv brannen som ein av dei største skogbrannane i Dovres historie.
Brannmannskap frå både Dovre, Lesja, Sel og Vågå var raskt på plass etter at meldingene om branner langs Dovrebana kom inn ca kl 17 måndag ettermiddag. Dei gjekk raskt i gang med sløkking på fleire plassar, og eit par mindre brannar lengre nord vart sløkt etter relativt kort tid.
På grunn av vanskeleg terreng og rasfare, måtte mannskapene etterkvart trekke seg ut av deler av det store brannfeltet langs Øverbygdsvegen. Da hadde dei fått oversikt over brannen og kontroll på bebyggelsen.
To brannhelikoptere ankom og sette i gang «vass-bombing» av området kl 20.30. Dette arbeidet pågår fortsatt og vil fortsette utover kvelden.
Innlandet droneberedskap er på plass, og vil overvåke brannområdet frå lufta. Brannmannskap vil ha vakthald i området i natt.