Høgst prioriterte grupper er:
Det er fastlege som avgjer om ein pasient skal prioriterast opp til gruppe 4. Dei 4 gruppene som er nevnt over, utgjer omlag 650 personar i Dovre.
Korleis får ein beskjed om å kome til vaksinasjon?
Kommuna får kort varsel på når vaksinene kjem og kor mange dosar som kjem. Det er truleg at det vil være slik dei næraste månadene. Dette vil dermed seie at alle som skal vaksinerast vil få kort varsel, kanskje berre med 1-2 dagars varsel.
Når kommuna får beskjed om levering av vaksine vil dei neste på prioriteringslista få telefon frå Dovre kommune med beskjed om tid og stad. Det kan bli ringt frå eit ukjent nummer, men ta likevel telefon om du ikkje kjenner nummeret.
Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet har sagt at ein kan nytte inntil 20 % av vaksinane til utvalgte helsepersonellgrupper. Det er kommuna sjølv som avgjer kva personell dette gjeld ut i fra retningslinjer gjeve av Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.
Dovre kommune har ansvar for vaksinasjon av alle som er folkeregistrert i Dovre kommune og som oppheld seg i Dovre over tid. Dovre kommune utarbeider nå prioriteringslister ut i frå informasjon gjeve av fastlegane. Dei av innbyggjarane som er i risikogruppe og som har fastlege i anna kommune må ta kontakt med legekontor i heimkommuna. Det vil etterkvart være fleire vaksinar som blir godkjende i Norge. Den fyrste vaksina er allereie i bruk, og ein treng to doser av denne. Etter fyrste dosa er sett, vil du få tilbod om ny dose etter minst 3 veker. Informasjon om påfyll får du når du kjem til fyrste vaksinering.
Det vi treng frå deg:
Dovre kommune 08.01.2021 Vaksinekoorinator Oddny Garmo og Ann Kristin Hagevold