Smittesituasjonen i Dovre

Det er for tida ingen (0) personar i smittekarantene og ingen (0) i isolasjon i Dovre. Ein del elevar i vidaregåande skule blir følgt opp med testing, jamfør tilrådd testregime for barn og unge, i staden for smittekarantene.

Ein elev ved Nord-Gudbrandsdal vgs. avdeling Dombås, er bekrefta smitta. Denne eleven er heimehøyrande i anna kommune. Elevar ved vgs. på Dombås blir følgt opp med testing etter tilrådd testregime for barn og unge.

Koronavaksinasjon i Dovre

I veke 34 vart det sett 355 vaksinedoser. 26 personar fekk fyrste dose og 329 fekk si andre dose. Totalt er det nå sett 3294 vaksinedoser i Dovre.

2000 har fått minst ei dose, og 1518 av dei har fått begge dosene.

Vaksineleveransane held seg høge og kommunen kortar derfor ned intervallet mellom fyrste og andre dose. Dette medfører at kommunen vil ta kontakt med innbyggjarar som alt har fått time til revaksinasjon, for å framskunde denne. Vi ber innbyggjarar som har fått time for revaksinasjon om å vera tilgjengelege på telefon og elles avvente nærare beskjed.

16- og 17-åringar (årskull 2004 og 2005) får tilbod om vaksine ved sin skulestad. Informasjon om dette blir gjeve via kvar enkelt skule sine informasjonskanalar.

Det er sendt SMS til alle personar som er registrert busett i kommunen om å registrere seg i vaksinekø. Alle som ynskjer å bli sett i vaksinekø kan ringe telefon 480 63 582. Telefonlinene er opne kvardagar fra kl 09.00 til 14.00.

Vi minner også om at heile 2003-årgangen kan få vaksine, ikkje bare dei som har fylt 18 år.