SMITTESITUASJONEN I DOVRE

3 nye personar har testa positivt for covid-19 og alle var i karantene frå før. Smittesporing er utført og nærkontaktar er testa. Det totale antalet i isolasjon er dermed 6 personar. 14 personar er i smitte- eller fritidskarantene.

Fritidskarantene betyr at du kan gå på skule eller arbeid, men du må fortsatt vera i karantene på fritida. Du kan for eksempel ikkje dra på besøk til andre eller drive med fritidsaktivitetar.

Oppdaterte karantenereglar finn du hos helsenorge.no eller fhi.no.