SMITTESITUASJONEN I DOVRE

Tre (3) personar har testa positivt sidan forrige oppdatering. Ein (1) person har gått ut av isolasjon, slik at det totale antalet i isolasjon er (3) personar. Åtte (8) personar er i smittekarantene.

NASJONALE TILTAK

Dovre følger nasjonale råd og tiltak. Det er ingen lokale vedtak eller restriksjonar utover dei nasjonale. Dei forskriftsfesta tiltaka trer i kraft frå natt til onsdag 15. desember. Tiltaka gjeld i fyrste omgang i fire veker. Du finn alle råda og tiltaka her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/strengere-nasjonale-tiltak-for-a-begrense-smitten/id2892042/

Vi oppmodar alle om å følge dei generelle smittevernråda:

  • Ver heime om du er sjuk.
  • Ha god hand- og hostehygiene.
  • Hald ein meters avstand til andre enn husstanden din.
  • Bruk munnbind i situasjonar der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Unngå klemming og handhelsing.
  • Reduser antalet nærkontaktar.
  • Ta ein test om du har nye luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19.

KORONA-VAKSINASJON I DOVRE

Tall
I veke 49 vart det sett 134 vaksinedoser totalt. 5 personar fekk fyrste dose, 5 personar fekk andre dose og 124 personar fekk tredje dose. Totalt er det nå sett 4351 vaksinedoser i Dovre. 2192 har fått minst ei dose, og 1900 av dei har fått begge dosene. 482 har også fått ei tredje dose.

Fyrste og andre dose
Innbyggjarar som ynskjer tilbod om fyrste eller andre dose koronavaksine kan fortsatt ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00.

Oppfriskingsdose til personar over 65 år

Alle over 65 år i Dovre blir i tur og orden kontakta pr. telefon med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert.

Eventuelle spørsmål tar vi når du blir kontakta med tilbod om time. Vi er godt i gang og alle over 65 år skal få tilbod om tredje dose før jul.

Oppfriskingsdose til alle over 45 år og personar over 18 år med underliggande helsetilstand
Vi startar med ei tredje oppfriskingsdose til alle over 45 år og alle over 18 år med ein underliggande helsetilstand, innan kort tid. Intervallet mellom andre og tredje dose er nå redusert til 4,5 månadar for å auke vaksinasjonstakta. Likevel er det viktig å hugse at ikkje alle er klare for ei tredje oppfriskingsdose enda.

Når vi er klare, vil det bli informert tydeleg om korleis vaksinasjonen av desse to gruppene blir gjennomført. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert!



INFLUENSAVAKSINASJON I DOVRE

Alle som ynskjer influensavaksine kan fortsatt bestille time for dette. Vi oppmodar personar i risikogruppene om å ta influensavaksine. Ring Dovre legekontor tlf. 61 24 22 00.

Legg merke til at det bør gå minimum ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine.
Du kan også nytte deg av apoteka sine tilbod om influensavaksine.