Smittesituasjonen

Ein (1) person har testa positivt for covid-19 i dag. Ein person gjekk ut av isolasjon i går. Dermed er det fortsatt totalt to (2) personar i isolasjon i Dovre.

Ein bebuar i omsorgsbustad ved Fredheim omsorgssenter har testa positivt. Tilsette og bebuarar ved den aktuelle avdelinga blir testa. Det same gjeld andre nærkontaktar.

Informasjon til besøkande ved Fredheim omsorgssenter

Det er ikkje innført besøksforbod ved Fredheim, men vi oppmodar alle om å unngå unødvendige besøk. Har du symptom på luftsvegsinfeksjon, skal du halde deg heime. Hovudinngangen ved Fredheim vil vera stengt ei tid framover slik at alle besøkande må ta kontakt med si avdeling pr. telefon på førehand for å vurdere om besøket er nødvendig.

Blå avdeling: tlf. 911 27 562
Gul avdeling: tlf. 469 19 167
Grøn avdeling: tlf. 941 34 701
Furumoen: tlf. 469 57 534