Smittesituasjonen i Dovre

Det er for tida ein (1) person i smittekarantene og ingen (0) i isolasjon i Dovre. Alle elevar som følgde tilrådd testregime for barn og unge i forrige veke, er nå ferdige med dette.

Koronavaksinasjon i Dovre

I veke 35 vart det sett 131 vaksinedoser. 65 personar fekk fyrste dose og 66 personar fekk si andre dose. Totalt er det nå sett 3425 vaksinedoser i Dovre. 2065 har fått minst ei dose, og 1584 av dei har fått begge dosene.

Alle 16- og 17-åringar som er elevar ved vidaregåande skular i Dovre har fått tilbod om fyrste vaksinedose. 16- og 17-åringar med bustadsadresse i Dovre som går på skule i andre kommunar og ikkje får tilbod om vaksine der, kan ta kontakt.

Vaksineringa av 12-15-åringar i Dovre startar denne veka og all informasjon blir gjeve til elevar og føresette via Dovre ungdomsskole og Dovre barneskole.

Vaksinetilgangen er god og kommunen bestiller antal doser etter behov. Innbyggjarar som ynskjer tilbod om koronavaksine kan ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00. (Telefonnummer 480 63 582 vil ikkje lengre vera i bruk.)

Onsdag 15.09 er det drop-in-vaksinering for alle over 16 år som ynskjer fyrste vaksinedose.
Du treng ikkje ringe på førehand.
Stad: Dovre helsestasjon, Helsehuset Dombås
Tid: 14.00-16.00.