To (2) personar har testa positivt for covid-19 i Dovre. Smittesporing og testing av nærkontaktar er utført og ein (1) person er i smittekarantene som følge av dette. Ein person gjekk ut av isolasjon i går, så det er nå totalt to (2) personar i isolasjon.

Vi følger nasjonale råd og reglar. Dei regionale tiltaka som er innført i ei rekke kommuner rundt Oslo, gjeld ikkje i Dovre. Les meir hos regjeringen.no

Dei nasjonale smittevernråda er kort fortalt:

  • Si ja til vaksine
  • Hald deg heime og test deg om du er sjuk
  • Hald avstand til andre, gjerne ein meter, der det er mogleg
  • Unngå handhelsing og klemming
  • Vurder om du kan ha færre nærkontaktar
  • Bruk munnbind der det er vanskeleg å halde avstand, slik som på kjøpesenter, i butikken, i kollektivtrafikken og i taxi
  • Arbeid gjerne frå heimekontor
  • Bruk munnbind i møte med helse- og omsorgstenester