For å beskytte bebuarane ved Fredheim omsorgssenter vil vi innføre besøkskontroll ei tid framover. Hovudinngangen ved Fredheim vil vera stengt slik at alle besøkande må ta kontakt med si avdeling pr. telefon på førehand for å gjera avtale om besøk.

  • Når du kjem til avtalt besøk vil du bli møtt ved døra og fulgt til rommet til den du skal besøke.
  • Sprit hender ved inngangen og bruk munnbind under heile besøket.
  • Hald avstand til alle du møter.
  • Besøket skal foregå på rommet til bebuaren, ikkje i fellesarealet eller i kantina.
  • Det er sjølvsagt lov å kome på besøk i jula, men vi oppmodar om å unngå unødvendige besøk.
  • Dersom mange vil besøke same person, er det fint om det berre kjem to personar om gongen. Del heller opp besøka.
  • Har du symptom på luftsvegsinfeksjon, skal du halde deg heime.


Avtal besøket med di avdeling på førehand:

  • Blå avdeling: tlf. 911 27 562
  • Gul avdeling: tlf. 469 19 167
  • Grøn avdeling: tlf. 941 34 701
  • Furumoen: tlf. 469 57 534

Takk for hjelpa og omsorgen du viser ved å bidra til ein trygg kvardag for bebuarar og tilsette ved Fredheim omsorgssenter.