Ukategorisert

Smittevernlegane i Lesja og Dovre har i dag, 10.04.21, fastsett at fritidsaktivitetar for barn og unge, på tvers av kommunegrensa, vert innstilt. Dette gjeld i fyrste omgang tom 19.april.

Fritidsaktivitetar for barn og unge kan gå som normalt i Lesja, men det er inntil vidare innstilt i Dovre.

Det vert presisert at barn tilhøyrande i Lesja, på til dømes felles fotballag (Lesja/Dombås), kan samlast til trening i Lesja.

Smittevernlegane ønskjer å kome med følgande presisering gjeldande besøkande på Rosa Napoli sidan 01.04.:

Om du var besøkande på Rosa Napoli i tida frå og med 01.04, kan du ha vore i kontakt med person som har fått påvist covid-19.

Du er ikkje pålagt karantene, og du treng heller ikkje teste deg med mindre du utvikler symptom. Om du har eller utviklar symptom, ta kontakt med legekontor for eventuell testing.