«Det vart ei rar tid». Ja, vi er no inne i ei veldig spesiell tid; der mange tenester og tilbod er stengt og avlyst, ein del er alt i karantene, sosial omgang skal avgrensast og kvardagen er generelt snudd på hovudet for mange.

Per no er det ingen påvist smitta i Lesja og Dovre, men dette kan fort endre seg. Myndigheitene har bedt kommunane ta høgde for 40% sjukefråvær. Med store deler av befolkninga i karantene eller sjuke, må vi alle vise litt ekstra omsyn og vere gode naboar.

Ta ein ekstra telefon, sjekk om naboen har det bra eller om det er noko som trengs. Det kan bli behov for mange små og større tenester; handle mat, passe ungar, vedbæring, måking/strøing, hundelufting. Og ikkje minst berre å slå av ein prat. Hugs at ikkje alle synes det er like lett å spørje om hjelp; så ta gjerne ein telefon sjølv og spør om det er noko du kan gjere.

No skal det seiast at dette er folk her i Lesja og Dovre gode på! Krisestaben er imponert over all dugnadsinnsatsen som vert lagt for dagen i kommunane våre! Folk stiller opp for kvarandre og melder seg som frivillige til å ta eit tak i ulike viktige tenester. Kvar dag siste tida har folk som har tid og høve, lagt ut innlegg på for eksempel facebook der dei tilbyr seg å stille opp for folk som treng hjelp. Det finns og ei rekke apper for telefon, der ein kan legge ut melding om kva ein treng hjelp med og folk kan melde seg som hjelparar.

Takk for at de alle trår til i denne viktige nasjonale dugnaden! Detta ska oss greie i lag!