I den spesielle situasjonen vi er inne i no, med stengte skular og barnehagar, og avgrensa sosial omgang; er det ekstra viktig at foreldre og føresette følg ekstra godt med på kva ungane gjer på nett. Mange av elevane på skulane bruker internett kvar dag for å følge undervisning, og mange tyr til ulike appar og sosiale media for å halde kontakt seg imellom.

Ein veit at ikkje alle slike plattformar og personar som er inne på slike plattformar har berre seriøse og positive intensjonar. Det er derfor viktig å følge med på kva ungane foretek seg på nett. Samstundes er det viktig å hugse på at ein del barn og unge no truleg har mange spørsmål og bekymringar knytt til koronaviruset, og derfor er ekstra på «søken» etter informasjon og nokon å prate med. Vi har her satt opp nokre sikre kontaktpunkt vi kan anbefale foreldre/føresatte til å informere sine ungar om:

I Nord-Gudbrandsdalen er det etablert ein eigen koronatelefon for barn og unge, bemanna av PPT, skulehelsetenesta og psykolog. Dette tilbodet gjeld alle under 18 år, og telefonen er ope kvar dag. Koronatelefon barn og unge: 480 77 880, ope kvardagar 10.00-20.00, helg 12.00-17.00.

I Lesja kan barne- og ungdomskontakt Janne Sætrenes kontaktast på telefon 911 02 221 i arbeidstida, og helsesjukepleiarane Kjersti Åvangen Flittie og Ann Kristin Vorkinn er og tilgjengelege på telefon (hhv 970 18 386 og 951 83 877).

Helsesjukepleiar Oddny Garmo og Ann Kristin Hagevold ved helsestasjonen og skulehelsetenesta i Dovre er å treffe på telefon (hhv 917 91 621 og 917 56 762). For elevar på Dovre ungdomsskule er sosiallærar Elisabeth Riise tilgjengeleg kvar dag på telefon 470 55 723.

Barneverntjenesten i Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk kan kontaktast døgnet rundt på telefon 908 54 475.

Røde Kors har ei gratis, anonym hjelpelinje, Kors på Halsen, der barn og unge under 18 år kan ringe inn eller bruke chat, uansett om det er korona, eksamen eller heilt andre ting som uroar eller plagar dei. Telefonnummer: 800 33 321, chat: www.korspaahalsen.rodekors.no.

Ein annan aktuell chat, for ungdom mellom 13 og 24 år, er www.ungprat.no.

PPT i Nord-Gudbrandsdalen vurderer å etablere ein chat-konto for barn og unge (Snapchat eller liknande); om og når dette vert oppretta, kjem krisestaben Lesja og Dovre attende med informasjon om dette.