Kommunelegane i Lesja og Dovre har registrert at det i Sør- og Midtdalen er innført forskrift med nye tiltak som vil gjere karantenebrot ulovleg. Vi forheld oss til retningsliner og forskrift frå Helsedirektoratet; og forventer at folk følger dei reglane direktoratet har vedtatt:

  • Karanteneplikt
    • Personar som kjem til Norge frå andre land enn Sverige eller Finland, skal opphalde seg i karantene i 14 dagar etter ankomst til Norge.
    • Bestemmelsen gjeld og for personar som kjem til Norge frå Sverige eller Finland, og som har opphalde seg i andre land i løpet av dei siste 14 dagane.
    • Ein person i karantene skal opphalde seg i eige heim eller anna eigna opphaldsstad. Personen kan berre opphalde seg utanfor heimen eller opphaldsstaden om nærkontakt med andre personar vert unngått.
  • Isolering
    • Personar i karantene som utviklar forkjølelsessymptom som hoste, feber eller tungpustheit, skal ophalde seg i isolering frå symptom inntrer til 7 dagar etter at ein er symptomfri. Med isolering meines at personen oppheld seg i eige heim eller anna eigna opphaldssted.
    • Personar som har symptom ved ankomst til Norge, skal umiddelbart i isolering på stad anvist av kommunelegen. Personar med symptom kan ikkje benytte offentleg transport til anvist stad for isolering.