I samband med dei oppdaterte/endra tiltaka frå regjeringa er det no opna for at idrettsaktiviteter kan gjennomførast når Helsedirektoratets anbefalingar om avstand og grupper vert følgd.

Forbodet mot idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs kor personar fysisk møtast gjeld fortsatt, jf Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet (Covid-19-forskriften).

Forbodet inneber at det som utgangspunkt ikkje er adgang til å organisere idrettsaktivitet som inneber at personar fysisk møtast og kor nærkontakt er uunngåelig, og/eller kor det vil vere vanskeleg å overhalde krav om forsvarleg avstand til einkvar tid under trening eller aktivitet. Dette må forståast ut frå eit smittevernperspektiv.

Alle typar idrettsaktivitet som no vert sett i gang, må gjerast på ein måte som sikrar at Helsedirektoratets tilrådingar om samling av personar og samling i grupper vert overhalde. Desse tilrådingane seier at det ikkje skal vere meir enn 5 personar samla i ei gruppe, og ein må halde ein fysisk avstand på minst 2 meter mellom personar. Vidare er det ei forutsetning for all aktivitet at generelle tilrådingar for å forebygge smitte kan overhaldast.

  • Aktivitetar må foregå i små grupper, maks 5 personar med 2 meters avstand
  • Ikkje bruk av felles utstyr/delt utstyr
  • Personar som er sjuke eller har symptom på sjukdom kan ikkje delta i aktivitetane
  • Ved aktivitet for barn/unge skal det vere ein vaksenperson tilstades som har ansvar for at aktiviteten vert utøvd i samsvar med anbefalingane frå Helsedirektoratet
  • Dei generelle smittevernreglane om god hand- og hostehygiene skal overhaldast
  • Toalettanlegg osv skal ikkje nyttast

Det er det aktuelle idrettslag, trenar etc som er ansvarleg for at regelverk og nasjonale føringer vert følgd.

Det vert gjort merksam på at treningssentre, svømmehallar og liknande tilbod fortsatt skal halde stengt, jf forskrifta § 14c.