Vi arbeider kontinuerleg med å oppretthalde gode tenester til pasientane våre, samstundes som vi planlegg for anna type drift.

Vi tilpassar drifta frå dag til dag i takt med utvikling og konsekvens av pandemien. I dette arbeidet har vi godt samarbeid med den kommunale kriseleiinga.

Her på Fredheim har vi etablert vår eiga krisegruppe med dagleg møte til fastsett tid. Der går vi gjennom status, ny informasjon og spørsmål/attendemeldingar. Dette hjelp oss med å halde oversikt.

Besøksforbudet ved Fredheim omsorgssenter vart innført 09.03.20. Om det oppstår alvorlege situasjoner, finn vi løysingar for å hjelpe pårørande inn.

Dagane er rolegare for pasientane nå. Aktivitetar frå utanom huset er avlyst, grunna smittefaren. Vi oppretthaldar det vi kan av eigne aktivitetar. Det blir pynta litt ekstra for å gjera det triveleg rundt oss.

Mange av pasientane har eigen telefon. I denne tida er det sikkert koseleg om slekt og  venner slår på tråden.

Pårørande telefonen vår er 61242020. Den er døgnbemanna og gjennom denne kjem pårørande i kontakt med Pleie- og omsorgstenesta.

Vennlig helsing pleie- og omsorgsavdelingen i Dovre kommune