Vedtak etter smittevernloven §4-1, første ledd bokstav b. frå 01.04.2020 om begrensingar for verksemder og private som tilbyr overnatting, blir ikkje vidareført. Dette er vedteke i felles formannskap i dag, 16.04.2020.

Kommunen innrettar seg etter nasjonale retningsliner og reglar for å gradvis opne opp att samfunnet med dei krava til smittevern som til ei kvar tid er gjeldande.

Smittesituasjonen i kommunen blir nøye overvåka, og ein må vera førebudd på at strengare tiltak mot smittespreiing kan bli innført på kort varsel, om nødvendig.

Gode kjelder for nasjonale retningsliner for smitteverntiltak er regjeringen.no og fhi.no. Alle verksemder som tilbyr overnatting er ansvarlege for å orientere seg i desse kjeldene og å følge retningslinene.

Råd om reingjering:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-og-informasjon-til-andre-sektorer-og-yrkesgrupper/rengjoring-og-desinfeksjon-ved-covid-19-til-sektorer-utenfor-helsetjenesten/?term=&h=1

Fakta om smitteverntiltak:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta-og-kunnskap-om-covid-19/fakta-smitteverntiltak/?term=&h=1

Oversikt over korleis regjeringa vil opne samfunnet gradvis og kontrollert:
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/Vil-apne-samfunnet-gradvis-og-kontrollert/id2697060/

For campingplassar
Campingplassar med sanitæranlegg kan halde ope som vanleg så lenge dei nasjonale retningslinene for smittevern blir overheldt. Sjå lenker over.

Ver snill å ikkje ring koronatelefonen med spørsmål om overnatting. Send e-post til op_lesja@dsb-cim.no.

Vi minner om at regjeringa fortsatt ber alle om å unngå unødige fritidsreiser.