Hei!
Som dei aller fleste sikkert for lengst har fått med seg, er NATO-øvinga Trident Juncture no i full gang i vårt distrikt.
Felles krisestab for Lesja og Dovre vil og nytte dette høvet til å øve litt.

Totalforsvarskonseptet går enkelt forklart ut på at militæret har «fokus på fronten», medan det sivile samfunnet tek hand om ALT anna heilt fram til fronten. Det er her mellom anna dei kommunale krisestabane kjem inn. Vi kan bruke NATO-øvinga til å forestille oss at dette faktisk er ein reell situasjon; og vil teste oss sjølve og ressursane rundt oss på ulike sitasjonar og hendingar som kan oppstå.

Denne og neste veke vil difor krisestaben få bryne seg på ein del tenkte, men høgst reelle, scenarier. I samband med dette kan det vere aktuelt å ta kontakt med andre ressursar i kommunane våre, både offentlege og private; det kan kome oppdateringar her på FB-sida «Krisehendelse Lesja og Dovre kommuner» og på nettsida krisestab.no.
NB! Alle opprigningar, meldingar, oppdateringer på nett osv vil bli starta med orda «ØVELSE ØVELSE ØVELSE» slik at alle involverte partar veit at dette ikkje er ein reell situasjon!

Helsing Krisestaben Lesja/Dovre