Smittesituasjonen i Dovre

Ingen (0) er i isolasjon eller i karantene i Dovre pr. i dag.

Koronavaksinasjon i Dovre

I veke 39 vart det sett 18 vaksinedoser totalt. 1 person fekk fyrste dose, 14 personar fekk andre dose og 3 personar fekk tredje dose. Totalt er det nå sett 3742 vaksinedoser i Dovre. 2156 har fått minst ei dose, og 1796 av dei har fått begge dosene. 14 har også fått ei tredje dose.

Innbyggjarar som ynskjer tilbod om koronavaksine kan fortsatt ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00.

Drop-in-vaksinering for alle over 16 år:

Stad: Dovre helsestasjon, Helsehuset Dombås
Tid: Fredag 8. oktober kl. 13.00-15.00
Du treng ikkje ringe på førehand.


Informasjon om 3. vaksinedose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar
Pasientar som bruker immundempande medisinar som står på lista under, kan kontakte kommunen for å bestille time til 3. dose. Du må sjølv kunne dokumentere medisinbruken ved å ta med enten resepten eller sjølve medikamentpakka med påskrift som viser namnet ditt. Andre pasientar med alvorleg svekka immunforsvar og som er under behandling i spesialisthelsetenesta skal ha dokumentasjon frå behandlande spesialist.

For å bestille time til 3. dose, ta kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30):
Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Alle andre pasientar med alvorleg svekka immunforsvar må vente på brev frå spesialisthelsetenesta før du kan bestille time til 3. dose.

Pasientar som bruker følgande medikament, er aktuelle for 3. vaksinedose:
Abatacept (Orencia®)
Adalimumab (Humira®, Hyrimoz®)
Anakinra (Kineret®)
Azathioprin (Imurel®)
Baricitinib (Olumiant®)
Belimumab (Benlysta®)
Brodalumab (Kyntheum®)
Certolizumab pegol (Cimizia®)
Ciklosporin (Sandimmun®)
Cortison >100 mg daglig >1mnd
Cyclofosfamid (Sendoxan®)1
Dexametason >= 3 mg daglig >1mnd
Etanerecept (Enbrel®, Benepali®)
Filgotinib (Jyseleca®)
Fingolimod (Gilenya®)
Golilumab (Simponi®)
Guselkumab (Tremfya®)
Hydrocortison >= 80 mg daglig >1mnd
Iksekizumab (Talz®)
Infliximab (Remicade®, Remsima®, Zessly®, Inflectra®, Flexabi®)2
Leflunomid (Arava®)
Merkaptopurin (Puri-Nethol®)
Metotreksat (Metex®, Methotrexat, Ebetrex®)
Metylprednisolon >= 16 mg daglig >1mnd
Mykofenolat (Cellcept®)
Okrelizumab (Ocrevus®) 2,3
Omalizumab (Xolair®)
Ozanimod (Zeposia®)
Prednisolon >= 20 mg daglig >1 mnd
Risankizumab (Skyrizi®)
Rituksimab (MabThera®, Rixathon®)2,3
Secukinumab (Cosentyx®)
Sulfasalazin (Salazopyrin®)
Takrolimus (Prograf®)
Tocilizumab (RoActemra®)
Tofacitinib (Xeljanz®)
Upadacitinib (Rinvoq®)
Ustekinumab (Stelara®)
Vedolizumab (Entyvio®)


Influensavaksinasjon i Dovre

Alle som tilhøyrer grupper med auka risiko for alvorleg influensasjukdom, kan nå bestille influensavaksine. Dette gjeld personar i risikogrupper på lista under. Ring Dovre legekontor tlf. 61 24 22 00 for å sette deg på venteliste. Når det er klart for vaksinasjon, får du beskjed frå legekontoret.

Vi ber alle som ikkje tilhøyrer ei risikogruppe om å vente med ta kontakt for å sette seg på liste for influensavaksine, til anna beskjed blir gjeve. Eventuelt kan du nytte deg av apoteka sine tilbod om influensavaksine.

Personar i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg: 

  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

I tillegg er influensavaksine tilrådd til:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur samen med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar