SMITTESITUASJONEN I DOVRE

Det er nå ein (1) person i isolasjon i Dovre. Smittesporing og testing av nærkontaktar er utført og smittevegen er truleg kjent.

KORONA-VAKSINASJON I DOVRE

Tall
I veke 47 vart det sett 78 vaksinedoser totalt. 6 personar fekk fyrste dose, 50 personar fekk andre dose og 22 personar fekk tredje dose. Totalt er det nå sett 4135 vaksinedoser i Dovre. 2182 har fått minst ei dose, og 1888 av dei har fått begge dosene. 288 har også fått ei tredje dose.

Fyrste og andre dose
Innbyggjarar som ynskjer tilbod om fyrste eller andre dose koronavaksine kan fortsatt ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00.

Andre vaksinedose til 16- og 17-åringar
16- og 17-åringar ved dei to vidaregåande skulane i Dovre fekk andre dose sist veke. 16- og 17-åringar i Dovre som ikkje får tilbod om andre dose på sin skulestad, eller som er i arbeid, kan ta kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30): Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Tredje vaksinedose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar
Det er tilrådd med ei tredje vaksinedose til pasientar med svekka immunforsvar. Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar på grunn av sjukdom eller bruk av immundempande medikament kan kontakte helsestasjonen for å bestille time til 3. dose. Du må sjølv kunne dokumentere medisinbruken ved å ta med resepten eller sjølve medikamentpakka med påskrift som viser namnet ditt, eller dokumentasjon frå behandlande spesialist. Det skal gå minimum 4 veker mellom dose 2 og dose 3. For å bestille time til 3. dose, ta kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30): Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Tredje oppfriskingsdose:
Det er tilrådd med ei tredje oppfriskingsdose til:
– alle over 65 år og sjukeheimsbebuarar
– alle tilsette i helse- og omsorgssektoren
– alle over 18 år med underliggane helsetilstand som gir høg risiko for alvorleg sjukdom
– alle over 45 år

Vi følger denne prioriteringsrekkefølga:

1. Oppfriskingsdose til personar over 65 år
Det har tidlegare vore tilrådd med eit minimums-intervall på 6 månadar mellom andre dose og denne tredje oppfriskingsdosa. Nå kan intervallet kortast ned mot 5 månadar for personar over 65 år.

Alle over 65 år i Dovre blir i tur og orden kontakta pr. telefon med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert.

Eventuelle spørsmål tar vi når du blir kontakta med tilbod om time. Vi er godt i gang og planlegg for at alle over 65 år skal få tilbod om tredje dose før jul. Hugs at tidsintervallet mellom andre og tredje dose minimum må vera 5 månadar. Derfor er ikkje alle i gruppa 65+ klare for oppfriskingsdosa enda.

2. Helsepersonell
Folkehelseinstituttet har utvida tilråinga om ei tredje oppfriskingsdose til å gjelde alle tilsette i helse- og omsorgstenesta. Alle får informasjon om dette på eigen arbeidsplass. Det skal gå minimum 6 månadar mellom andre dose og denne tredje oppfriskingsdosa for helsepersonell. Vi er i gang med ei tredje oppfriskingsdose til helsepersonell.

3. Oppfriskingsdose til personar over 18 år med underliggande helsetilstand
Folkehelseinstituttet har beslutta å tilby ei tredje oppfriskingsdose til alle over 18 år med underliggande helsetilstand som gir høg risiko for alvorleg sjukdom. Det skal gå minimum 6 månadar mellom andre dose og ei slik tredje oppfriskingsdose.

Alle over 18 år i Dovre med underliggande helsetilstand blir kontakta med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose når vi er ferdige med å vaksinere alle over 65 år. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert.

4. Oppfriskingsdose til personar over 45 år
Folkehelseinstituttet har beslutta å tilby ei tredje oppfriskingsdose til alle personar over 45 år. Det skal gå minimum 6 månadar mellom andre dose og ei slik tredje oppfriskingsdose. Mange vil derfor ikkje vera klare for den tredje oppfriskingsdosa før i 2022.

Alle over 45 år i Dovre blir kontakta med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose når vi er ferdige med å vaksinere eldre over 65 år og risikogruppene over 18 år. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert.


INFLUENSAVAKSINASJON I DOVRE

Alle som ynskjer influensavaksine kan fortsatt bestille time for dette. Vi oppmodar personar i risikogruppene om å ta influensavaksine. Ring Dovre legekontor tlf. 61 24 22 00.

Legg merke til at det bør gå minimum ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine.
Du kan også nytte deg av apoteka sine tilbod om influensavaksine.