Smittesituasjonen i Dovre
Ingen (0) er i isolasjon eller i karantene i Dovre pr. i dag.

Koronavaksinasjon i Dovre
I veke 38 vart det sett 77 vaksinedoser totalt. 32 personar fekk fyrste dose, 36 personar fekk andre dose og 9 personar fekk tredje dose. Totalt er det nå sett 3724 vaksinedoser i Dovre. 2155 har fått minst ei dose, og 1782 av dei har fått begge dosene. 11 har også fått ei tredje dose.

Alle 12-15-åringar i Dovre har fått tilbod om vaksine og vaksineringa er gjennomført. Dermed har alle unge i alderen 12-18 fått tilbod om vaksine. 12-15-åringar skal kun ha ei vaksinedose og er ferdigvaksinerte. 16- og 17-åringar blir kalla inn til andre dose 8-12 veker etter fyrste dose.

Dersom nokon i alderen 12-15 gjekk glipp av vaksineringa, eller om nokon som fyrst takka nei, har ombestemt seg, ta gjerne kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30) for å avtale ny time. Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Alle andre innbyggjarar som ynskjer tilbod om koronavaksine kan ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00.

DROP-IN-vaksinering for alle over 16 år:
Stad: Dovre helsestasjon, Helsehuset Dombås
Tid: Onsdag 29. september kl. 13.00-15.00
Du treng ikkje ringe på førehand.

Informasjon om 3. vaksinedose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar
Pasientar som bruker immundempande medisinar som står på lista under, kan kontakte kommunen for å bestille time til 3. dose. Du må sjølv kunne dokumentere medisinbruken ved å ta med enten resepten eller sjølve medikamentpakka med påskrift som viser namnet ditt. Andre pasientar med alvorleg svekka immunforsvar og som er under behandling i spesialisthelsetenesta skal ha dokumentasjon frå behandlande spesialist.

For å bestille time til 3. dose, ta kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30):
Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Alle andre pasientar med alvorleg svekka immunforsvar må vente på brev frå spesialisthelsetenesta før du kan bestille time til 3. dose.

Pasientar som bruker følgande medikament, er aktuelle for 3. vaksinedose:
Abatacept (Orencia®)
Adalimumab (Humira®, Hyrimoz®)
Anakinra (Kineret®)
Azathioprin (Imurel®)
Baricitinib (Olumiant®)
Belimumab (Benlysta®)
Brodalumab (Kyntheum®)
Certolizumab pegol (Cimizia®)
Ciklosporin (Sandimmun®)
Cortison >100 mg daglig >1mnd
Cyclofosfamid (Sendoxan®)1
Dexametason >= 3 mg daglig >1mnd
Etanerecept (Enbrel®, Benepali®)
Filgotinib (Jyseleca®)
Fingolimod (Gilenya®)
Golilumab (Simponi®)
Guselkumab (Tremfya®)
Hydrocortison >= 80 mg daglig >1mnd
Iksekizumab (Talz®)
Infliximab (Remicade®, Remsima®, Zessly®, Inflectra®, Flexabi®)2
Leflunomid (Arava®)
Merkaptopurin (Puri-Nethol®)
Metotreksat (Metex®, Methotrexat, Ebetrex®)
Metylprednisolon >= 16 mg daglig >1mnd
Mykofenolat (Cellcept®)
Okrelizumab (Ocrevus®) 2,3
Omalizumab (Xolair®)
Ozanimod (Zeposia®)
Prednisolon >= 20 mg daglig >1 mnd
Risankizumab (Skyrizi®)
Rituksimab (MabThera®, Rixathon®)2,3
Secukinumab (Cosentyx®)
Sulfasalazin (Salazopyrin®)
Takrolimus (Prograf®)
Tocilizumab (RoActemra®)
Tofacitinib (Xeljanz®)
Upadacitinib (Rinvoq®)
Ustekinumab (Stelara®)
Vedolizumab (Entyvio®)