Smittesituasjonen i Dovre
Ein (1) person er fortsatt i isolasjon og ingen (0) er i karantene i Dovre pr. i dag.

Koronavaksinasjon i Dovre
I veke 37 vart det sett 82 vaksinedoser totalt. 36 personar fekk fyrste dose, 44 personar fekk andre dose og 2 personar fekk tredje dose. Totalt er det nå sett 3647 vaksinedoser i Dovre. 2123 har fått minst ei dose, og 1746 av dei har fått begge dosene.

Innbyggjarar som ynskjer tilbod om koronavaksine kan ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00.

Drop-in-vaksinering for alle over 16 år:

Stad: Dovre helsestasjon, Helsehuset Dombås
Tid: Onsdag 22. september kl. 15.00-17.00 og fredag 24. september kl. 13.00-15.30.
Du treng ikkje ringe på førehand.

Informasjon om 3. vaksinedose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar
Pasientar som bruker immundempande medisinar som står på lista under, kan kontakte kommunen for å bestille time til 3. dose. Du må sjølv kunne dokumentere medisinbruken ved å ta med enten resepten eller sjølve medikamentpakka med påskrift som viser namnet ditt. Andre pasientar med alvorleg svekka immunforsvar og som er under behandling i spesialisthelsetenesta skal ha dokumentasjon frå behandlande spesialist.

For å bestille time til 3. dose, ta kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30):
Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Alle andre pasientar med alvorleg svekka immunforsvar må vente på brev frå spesialisthelsetenesta før du kan bestille time til 3. dose.

Pasientar som bruker følgande medikament, er aktuelle for 3. vaksinedose:
Abatacept (Orencia®)
Adalimumab (Humira®, Hyrimoz®)
Anakinra (Kineret®)
Azathioprin (Imurel®)
Baricitinib (Olumiant®)
Belimumab (Benlysta®)
Brodalumab (Kyntheum®)
Certolizumab pegol (Cimizia®)
Ciklosporin (Sandimmun®)
Cortison >100 mg daglig >1mnd
Cyclofosfamid (Sendoxan®)1
Dexametason >= 3 mg daglig >1mnd
Etanerecept (Enbrel®, Benepali®)
Filgotinib (Jyseleca®)
Fingolimod (Gilenya®)
Golilumab (Simponi®)
Guselkumab (Tremfya®)
Hydrocortison >= 80 mg daglig >1mnd
Iksekizumab (Talz®)
Infliximab (Remicade®, Remsima®, Zessly®, Inflectra®, Flexabi®)2
Leflunomid (Arava®)
Merkaptopurin (Puri-Nethol®)
Metotreksat (Metex®, Methotrexat, Ebetrex®)
Metylprednisolon >= 16 mg daglig >1mnd
Mykofenolat (Cellcept®)
Okrelizumab (Ocrevus®) 2,3
Omalizumab (Xolair®)
Ozanimod (Zeposia®)
Prednisolon >= 20 mg daglig >1 mnd
Risankizumab (Skyrizi®)
Rituksimab (MabThera®, Rixathon®)2,3
Secukinumab (Cosentyx®)
Sulfasalazin (Salazopyrin®)
Takrolimus (Prograf®)
Tocilizumab (RoActemra®)
Tofacitinib (Xeljanz®)
Upadacitinib (Rinvoq®)
Ustekinumab (Stelara®)
Vedolizumab (Entyvio®)