Smittesituasjonen

Bebuaren i omsorgsbustad ved Fredheim omsorgssenter som testa positivt på hurtigtest, var falsk positiv. Negativt PCR-svar er nå stadfesta. Ein (1) person gjekk ut av isolasjon i går. Dermed er det ingen (0) personar i isolasjon i Dovre pr. i dag.

Informasjon til besøkande ved Fredheim omsorgssenter

Besøksrestriksjonane ved Fredheim er avslutta, og hovudinngangen er open som vanleg for besøkande.

Vi minnar alle besøkande om å halde fram med gode smittevernrutiner. Har du symptom på luftsvegsinfeksjon, skal du halde deg heime. Uvaksinerte besøkande blir oppmoda om å bruke munnbind.