Smittesituasjonen i Dovre

Ein person i Dovre har testa positivt for covid-19 i dag. Det er derfor ein (1) person i isolasjon. Ingen er sett i karantene som følge av dette. Ein (1) person er i karantene frå før. Smittesporing er utført og smittevegen er truleg kjent.

Koronavaksinasjon i Dovre

I veke 36 vart det sett 140 vaksinedoser. 22 personar fekk fyrste dose og 118 personar fekk si andre dose. Totalt er det nå sett 3565 vaksinedoser i Dovre. 2087 har fått minst ei dose, og 1702 av dei har fått begge dosene.

Vaksinetilgangen er god og kommunen bestiller antal doser etter behov. Innbyggjarar som ynskjer tilbod om koronavaksine kan ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00. (Telefonnummer 480 63 582 er ikkje lengre i bruk.)

Onsdag 15.09 er det drop-in-vaksinering for alle over 16 år som ynskjer fyrste vaksinedose.
Du treng ikkje ringe på førehand.
Stad: Dovre helsestasjon, Helsehuset Dombås
Tid: 14.00-16.00.