Ein person i Dovre er stadfesta smitta med covid-19. Det er mistanke om at dette er omikron-varianten og alle nærkontaktar er derfor sett i karantene etter gjeldande reglar. Smittesporing er utført og smittevegen er truleg kjent.

Dermed er det tre (3) personar i isolasjon i Dovre pr. 08.12. Fire (4) personar er i smittekarantene.