Smittesituasjonen i Dovre

Ingen (0) er i isolasjon eller i karantene i Dovre pr. i dag.

Koronavaksinasjon i Dovre

I veke 43 vart det sett 7 vaksinedoser totalt. 1 person fekk fyrste dose, 4 personar fekk andre dose og 2 personar fekk tredje dose. Totalt er det nå sett 3804 vaksinedoser i Dovre. 2165 har fått minst ei dose, og 1828 av dei har fått begge dosene. 34 har også fått ei tredje dose.

Innbyggjarar som ynskjer tilbod om fyrste eller andre dose koronavaksine kan fortsatt ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00.

Tredje vaksinedose
Legg merke til at det er to ulike grunnar til å få ei tredje vaksinedose. Det er tilrådd med:
– ei tredje vaksinedose til pasientar med svekka immunforsvar
– ei tredje oppfriskingsdose til alle over 65 år og sjukeheimsbebuarar.
Under er forskjellen tydeleg forklart.

Oppfriskingsdose til personar over 65 år
Regjeringa har beslutta å gje ei oppfriskingsdose til alle over 65 år. Dette er eit tilbod til alle som har hatt god effekt av dei to fyrste vaksinedosene. Over tid blir beskyttelsen svekka og da er det tilrådd med ei oppfriskingsdose for å auke og forlenge beskyttelsen mot alvorleg sjukdom ved smitte av koronavirus. Det skal gå minimum 6 månadar mellom andre dose og denne tredje oppfriskingsdosa. Les meir hos FHI.

Alle over 65 år i Dovre blir i tur og orden kontakta pr. telefon med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose. Vi følger same prioriteringa som før, fyrst 85+, deretter 75-84-åringar og til slutt 65-74 åringar. NB: Intervallet mellom dose to og denne tredje oppfriskingsdosa skal vera minimum 6 månadar. Derfor er det mange i gruppa 65+ som ikkje er klare for oppfriskingsdosa enda. Ver tolmodig – alle over 65 år blir kontakta med tilbod om vaksine etter kvart som tidsintervallet på 6 månadar er oppnådd. Vi er i gang med vaksinering av aldersgruppa 85+ denne veka.

Vi oppmodar alle som ynskjer influensavaksine om å ta dette fyrst (sjå info lenger ned). Det bør gå minimum ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine.

Informasjon om 3. vaksinedose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar
Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar på grunn av sjukdom eller bruk av immundempande medikament har generelt sett dårlegare respons på vaksinar samanlikna med friske personar. Desse pasientane kan få ein betre immunrespons ved å få ei ekstra vaksinedose. FHI tilrår derfor ei tredje vaksinedose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar. Det skal gå minimum 4 veker mellom dose 2 og dose 3. Les meir hos FHI.

Pasientar som bruker immundempande medisinar som står på lista under, kan kontakte helsestasjonen for å bestille time til 3. dose. Du må sjølv kunne dokumentere medisinbruken ved å ta med enten resepten eller sjølve medikamentpakka med påskrift som viser namnet ditt. Andre pasientar med alvorleg svekka immunforsvar og som er under behandling i spesialisthelsetenesta skal ha dokumentasjon frå behandlande spesialist. Har du fått brev frå spesialisthelsetenesta kan du også ta kontakt for å bestille time. Ta med brevet som dokumentasjon. Har du ikkje mottatt brev frå din behandlande spesialist, ventar du med å bestille time til du har fått dette.

For å bestille time til 3. dose, ta kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30):
Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Pasientar som bruker følgande medikament, er aktuelle for 3. vaksinedose:
Abatacept (Orencia®)
Adalimumab (Humira®, Hyrimoz®)
Anakinra (Kineret®)
Azathioprin (Imurel®)
Baricitinib (Olumiant®)
Belimumab (Benlysta®)
Brodalumab (Kyntheum®)
Certolizumab pegol (Cimizia®)
Ciklosporin (Sandimmun®)
Cortison >100 mg daglig >1mnd
Cyclofosfamid (Sendoxan®)1
Dexametason >= 3 mg daglig >1mnd
Etanerecept (Enbrel®, Benepali®)
Filgotinib (Jyseleca®)
Fingolimod (Gilenya®)
Golilumab (Simponi®)
Guselkumab (Tremfya®)
Hydrocortison >= 80 mg daglig >1mnd
Iksekizumab (Talz®)
Infliximab (Remicade®, Remsima®, Zessly®, Inflectra®, Flexabi®)2
Leflunomid (Arava®)
Merkaptopurin (Puri-Nethol®)
Metotreksat (Metex®, Methotrexat, Ebetrex®)
Metylprednisolon >= 16 mg daglig >1mnd
Mykofenolat (Cellcept®)
Okrelizumab (Ocrevus®) 2,3
Omalizumab (Xolair®)
Ozanimod (Zeposia®)
Prednisolon >= 20 mg daglig >1 mnd
Risankizumab (Skyrizi®)
Rituksimab (MabThera®, Rixathon®)2,3
Secukinumab (Cosentyx®)
Sulfasalazin (Salazopyrin®)
Takrolimus (Prograf®)
Tocilizumab (RoActemra®)
Tofacitinib (Xeljanz®)
Upadacitinib (Rinvoq®)
Ustekinumab (Stelara®)
Vedolizumab (Entyvio®)


Influensavaksinasjon i Dovre

Alle som tilhøyrer grupper med auka risiko for alvorleg influensasjukdom, kan nå bestille time for influensavaksine. Dette gjeld personar i risikogrupper på lista under. Ring Dovre legekontor tlf. 61 24 22 00.

Vi ber alle som ikkje tilhøyrer ei risikogruppe om å vente med å ta kontakt for influensavaksine, til anna beskjed blir gjeve. Eventuelt kan du nytte deg av apoteka sine tilbod om influensavaksine.

Personar i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:

  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar til 5 år
  • Barn og vaksne med:
  • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

I tillegg er influensavaksine tilrådd til:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
    

Kort oppsummert

Synes du det er mykje informasjon om vaksinasjon? Dette er FHI si tilråing, kort oppsummert:

  1. Ta fyrste dose koronavaksine (frå 12 år).
  2. Ta andre dose koronavaksine (frå 16 år).
  3. Ta ei tredje dose om du har alvorleg svekka immunforsvar.
  4. Ta sesonginfluensavaksine om du tilhøyrer ei risikogruppe.
  5. Ta ei tredje oppfriskingsdose av koronavaksine om du er over 65 år.

Detaljert informasjon om kvart punkt finn du i teksten over.