Kommunal krisestab har vore i kontakt med Øyvind Taraldsen i Lesja data kl 12.30. Han bekrefter at alle på Bjorli no er over på ei reserveløysing på grunn av fiberbrudd. Hastigheit er difor noko redusert, men i løpet av eit par timer vil feilen vere retta og alle skal da ha normal hastigheit att.