Rett før påske vedtok regjeringa at alle barnehagar kan opnast att frå og med måndag 20.april. 1.-4. trinn skal tilbake på skulen måndag 27. april. Gjenopninga skal skje gradvis og kontrollert, med nødvendige smitteverntiltak på plass.

Pr. 14.04. har det ikkje kome retningsliner frå regjeringa på korleis dette skal løysast reint praktisk med tanke på smitteverntiltak. Vi ber alle foreldre og tilsette om å ha is i magen. Oppvekstsektorane arbeider alt med ei rekke tiltak som skal sikre trygge skular og barnehagar, og når den nasjonale vegleiaren er klar, skal vi sjølvsagt følge denne.

Alle skal vera trygge på at opninga blir gjort på ein forsvarleg og kontrollert måte, i tett samarbeid med smittevernlegane våre.

Ver snill å ikkje ring koronatelefonen om du har spørsmål om opninga av barnehage eller skule. Så fort vi har meir informasjon blir dette gjort tilgjengeleg på krisestab.no.