Smittevernlegane i Lesja og Dovre har i dag, 10.04.21, fastsett at fritidsaktivitetar for barn og unge, på tvers av kommunegrensa, vert innstilt. Dette gjeld i fyrste omgang tom 19.april.

Fritidsaktivitetar for barn og unge kan gå som normalt i Lesja, men det er inntil vidare innstilt i Dovre.

Det vert presisert at barn tilhøyrande i Lesja, på til dømes felles fotballag (Lesja/Dombås), kan samlast til trening i Lesja.