Som eit ledd i å nå ut til innbyggarar som ikkje har tilgang på informasjon lagt ut på nett, og som heller kanskje ikkje er inne i systema til heimebasert omsorg, har tilsette i forebyggande avdeling i brannvesenet gjennomført ei besøksrunde både i Lesja og Dovre.

Totalt er 65 husstander besøkt. I tillegg til ein prat, og muntleg informasjon, fekk alle utdelt ei informasjonsbrosjyre med kontaktinformasjon. Attendemeldingane frå dei som har fått besøk har vore veldig positive. Dei har sett pris på besøket og informasjonen.