SMITTESITUASJONEN I DOVRE

I løpet av helga har fleire personar gått ut av isolasjon og karantene. I dag er det to (2) personar i isolasjon og fire (4) personar i karantene i Dovre.

KORONA-VAKSINASJON I DOVRE

I veke 50 vart det sett 169 vaksinedoser totalt. 12 personar fekk fyrste dose, 4 personar fekk andre dose og 153 personar fekk tredje dose.

Totalt er det nå sett 4520 vaksinedoser i Dovre. 2204 har fått minst ei dose, og 1904 av dei har fått begge dosene. 635 har også fått ei tredje dose.

DETTE ER SISTE OPPDATERING MED KORONASTATUS FOR DOVRE PÅ DENNE SIDA. HERETTER FINN DU ALL INFORMASJON OM KORONA OG KORONA-VAKSINASJON PÅ HEIMESIDA TIL DOVRE KOMMUNE.

SMITTESITUASJONEN I DOVRE

3 nye personar har testa positivt for covid-19 og alle var i karantene frå før. Smittesporing er utført og nærkontaktar er testa. Det totale antalet i isolasjon er dermed 6 personar. 14 personar er i smitte- eller fritidskarantene.

Fritidskarantene betyr at du kan gå på skule eller arbeid, men du må fortsatt vera i karantene på fritida. Du kan for eksempel ikkje dra på besøk til andre eller drive med fritidsaktivitetar.

Oppdaterte karantenereglar finn du hos helsenorge.no eller fhi.no.

For å beskytte bebuarane ved Fredheim omsorgssenter vil vi innføre besøkskontroll ei tid framover. Hovudinngangen ved Fredheim vil vera stengt slik at alle besøkande må ta kontakt med si avdeling pr. telefon på førehand for å gjera avtale om besøk.

  • Når du kjem til avtalt besøk vil du bli møtt ved døra og fulgt til rommet til den du skal besøke.
  • Sprit hender ved inngangen og bruk munnbind under heile besøket.
  • Hald avstand til alle du møter.
  • Besøket skal foregå på rommet til bebuaren, ikkje i fellesarealet eller i kantina.
  • Det er sjølvsagt lov å kome på besøk i jula, men vi oppmodar om å unngå unødvendige besøk.
  • Dersom mange vil besøke same person, er det fint om det berre kjem to personar om gongen. Del heller opp besøka.
  • Har du symptom på luftsvegsinfeksjon, skal du halde deg heime.

Avtal besøket med di avdeling på førehand:

  • Blå avdeling: tlf. 911 27 562
  • Gul avdeling: tlf. 469 19 167
  • Grøn avdeling: tlf. 941 34 701
  • Furumoen: tlf. 469 57 534

Takk for hjelpa og omsorgen du viser ved å bidra til ein trygg kvardag for bebuarar og tilsette ved Fredheim omsorgssenter.

SMITTESITUASJONEN I DOVRE

Tre (3) personar har testa positivt sidan forrige oppdatering. Ein (1) person har gått ut av isolasjon, slik at det totale antalet i isolasjon er (3) personar. Åtte (8) personar er i smittekarantene.

NASJONALE TILTAK

Dovre følger nasjonale råd og tiltak. Det er ingen lokale vedtak eller restriksjonar utover dei nasjonale. Dei forskriftsfesta tiltaka trer i kraft frå natt til onsdag 15. desember. Tiltaka gjeld i fyrste omgang i fire veker. Du finn alle råda og tiltaka her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/strengere-nasjonale-tiltak-for-a-begrense-smitten/id2892042/

Vi oppmodar alle om å følge dei generelle smittevernråda:

  • Ver heime om du er sjuk.
  • Ha god hand- og hostehygiene.
  • Hald ein meters avstand til andre enn husstanden din.
  • Bruk munnbind i situasjonar der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Unngå klemming og handhelsing.
  • Reduser antalet nærkontaktar.
  • Ta ein test om du har nye luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19.

KORONA-VAKSINASJON I DOVRE

Tall
I veke 49 vart det sett 134 vaksinedoser totalt. 5 personar fekk fyrste dose, 5 personar fekk andre dose og 124 personar fekk tredje dose. Totalt er det nå sett 4351 vaksinedoser i Dovre. 2192 har fått minst ei dose, og 1900 av dei har fått begge dosene. 482 har også fått ei tredje dose.

Fyrste og andre dose
Innbyggjarar som ynskjer tilbod om fyrste eller andre dose koronavaksine kan fortsatt ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00.

Oppfriskingsdose til personar over 65 år

Alle over 65 år i Dovre blir i tur og orden kontakta pr. telefon med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert.

Eventuelle spørsmål tar vi når du blir kontakta med tilbod om time. Vi er godt i gang og alle over 65 år skal få tilbod om tredje dose før jul.

Oppfriskingsdose til alle over 45 år og personar over 18 år med underliggande helsetilstand
Vi startar med ei tredje oppfriskingsdose til alle over 45 år og alle over 18 år med ein underliggande helsetilstand, innan kort tid. Intervallet mellom andre og tredje dose er nå redusert til 4,5 månadar for å auke vaksinasjonstakta. Likevel er det viktig å hugse at ikkje alle er klare for ei tredje oppfriskingsdose enda.

Når vi er klare, vil det bli informert tydeleg om korleis vaksinasjonen av desse to gruppene blir gjennomført. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert!

INFLUENSAVAKSINASJON I DOVRE

Alle som ynskjer influensavaksine kan fortsatt bestille time for dette. Vi oppmodar personar i risikogruppene om å ta influensavaksine. Ring Dovre legekontor tlf. 61 24 22 00.

Legg merke til at det bør gå minimum ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine.
Du kan også nytte deg av apoteka sine tilbod om influensavaksine.

Ein person i Dovre er stadfesta smitta med covid-19. Det er mistanke om at dette er omikron-varianten og alle nærkontaktar er derfor sett i karantene etter gjeldande reglar. Smittesporing er utført og smittevegen er truleg kjent.

Dermed er det tre (3) personar i isolasjon i Dovre pr. 08.12. Fire (4) personar er i smittekarantene.

SMITTESITUASJONEN I DOVRE

Ein person har testa positivt i løpet av helga. Samtidig har ein person gått ut av isolasjon, slik at det er fortsatt totalt to (2) personar i isolasjon i Dovre.

KORONA-VAKSINASJON I DOVRE

Tall
I veke 48 vart det sett 82 vaksinedoser totalt. 5 personar fekk fyrste dose, 7 personar fekk andre dose og 70 personar fekk tredje dose. Totalt er det nå sett 4217 vaksinedoser i Dovre. 2187 har fått minst ei dose, og 1895 av dei har fått begge dosene. 358 har også fått ei tredje dose.

Fyrste og andre dose
Innbyggjarar som ynskjer tilbod om fyrste eller andre dose koronavaksine kan fortsatt ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00.

Andre vaksinedose til 16- og 17-åringar
16- og 17-åringar i Dovre som ikkje har fått tilbod om andre dose, kan ta kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30): Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Tredje vaksinedose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar
Det er tilrådd med ei tredje vaksinedose til pasientar med svekka immunforsvar. Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar på grunn av sjukdom eller bruk av immundempande medikament kan kontakte helsestasjonen for å bestille time til 3. dose. Du må sjølv kunne dokumentere medisinbruken ved å ta med resepten eller sjølve medikamentpakka med påskrift som viser namnet ditt, eller dokumentasjon frå behandlande spesialist. Det skal gå minimum 4 veker mellom dose 2 og dose 3. For å bestille time til 3. dose, ta kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30): Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Tredje oppfriskingsdose:
Det er tilrådd med ei tredje oppfriskingsdose til:
– alle over 65 år og sjukeheimsbebuarar
– alle tilsette i helse- og omsorgssektoren
– alle over 18 år med underliggane helsetilstand som gir høg risiko for alvorleg sjukdom
– alle over 45 år

Vi følger denne prioriteringsrekkefølga:

1. Oppfriskingsdose til personar over 65 år

Alle over 65 år i Dovre blir i tur og orden kontakta pr. telefon med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert.

Eventuelle spørsmål tar vi når du blir kontakta med tilbod om time. Vi er godt i gang og planlegg for at alle over 65 år skal få tilbod om tredje dose før jul. Hugs at tidsintervallet mellom andre og tredje dose minimum må vera 5 månadar. Derfor er ikkje alle i gruppa 65+ klare for oppfriskingsdosa enda.

2. Helsepersonell
Folkehelseinstituttet har utvida tilråinga om ei tredje oppfriskingsdose til å gjelde alle tilsette i helse- og omsorgstenesta. Alle får informasjon om dette på eigen arbeidsplass. Det skal gå minimum 6 månadar mellom andre dose og denne tredje oppfriskingsdosa for helsepersonell. Vi er godt i gang med ei tredje oppfriskingsdose til helsepersonell.

3. Oppfriskingsdose til personar over 18 år med underliggande helsetilstand
Folkehelseinstituttet har beslutta å tilby ei tredje oppfriskingsdose til alle over 18 år med underliggande helsetilstand som gir høg risiko for alvorleg sjukdom. Det skal gå minimum 6 månadar mellom andre dose og ei slik tredje oppfriskingsdose.

Alle over 18 år i Dovre med underliggande helsetilstand blir kontakta med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose når vi er ferdige med å vaksinere alle over 65 år. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert.

4. Oppfriskingsdose til personar over 45 år
Folkehelseinstituttet har beslutta å tilby ei tredje oppfriskingsdose til alle personar over 45 år. Det skal gå minimum 6 månadar mellom andre dose og ei slik tredje oppfriskingsdose. Mange vil derfor ikkje vera klare for den tredje oppfriskingsdosa før i 2022.

Alle over 45 år i Dovre blir kontakta med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose når vi er ferdige med å vaksinere eldre over 65 år og risikogruppene over 18 år. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert.

INFLUENSAVAKSINASJON I DOVRE

Alle som ynskjer influensavaksine kan fortsatt bestille time for dette. Vi oppmodar personar i risikogruppene om å ta influensavaksine. Ring Dovre legekontor tlf. 61 24 22 00.

Legg merke til at det bør gå minimum ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine.
Du kan også nytte deg av apoteka sine tilbod om influensavaksine.

To (2) personar har testa positivt for covid-19 i Dovre. Smittesporing og testing av nærkontaktar er utført og ein (1) person er i smittekarantene som følge av dette. Ein person gjekk ut av isolasjon i går, så det er nå totalt to (2) personar i isolasjon.

Vi følger nasjonale råd og reglar. Dei regionale tiltaka som er innført i ei rekke kommuner rundt Oslo, gjeld ikkje i Dovre. Les meir hos regjeringen.no

Dei nasjonale smittevernråda er kort fortalt:

  • Si ja til vaksine
  • Hald deg heime og test deg om du er sjuk
  • Hald avstand til andre, gjerne ein meter, der det er mogleg
  • Unngå handhelsing og klemming
  • Vurder om du kan ha færre nærkontaktar
  • Bruk munnbind der det er vanskeleg å halde avstand, slik som på kjøpesenter, i butikken, i kollektivtrafikken og i taxi
  • Arbeid gjerne frå heimekontor
  • Bruk munnbind i møte med helse- og omsorgstenester

SMITTESITUASJONEN I DOVRE

Det er nå ein (1) person i isolasjon i Dovre. Smittesporing og testing av nærkontaktar er utført og smittevegen er truleg kjent.

KORONA-VAKSINASJON I DOVRE

Tall
I veke 47 vart det sett 78 vaksinedoser totalt. 6 personar fekk fyrste dose, 50 personar fekk andre dose og 22 personar fekk tredje dose. Totalt er det nå sett 4135 vaksinedoser i Dovre. 2182 har fått minst ei dose, og 1888 av dei har fått begge dosene. 288 har også fått ei tredje dose.

Fyrste og andre dose
Innbyggjarar som ynskjer tilbod om fyrste eller andre dose koronavaksine kan fortsatt ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00.

Andre vaksinedose til 16- og 17-åringar
16- og 17-åringar ved dei to vidaregåande skulane i Dovre fekk andre dose sist veke. 16- og 17-åringar i Dovre som ikkje får tilbod om andre dose på sin skulestad, eller som er i arbeid, kan ta kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30): Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Tredje vaksinedose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar
Det er tilrådd med ei tredje vaksinedose til pasientar med svekka immunforsvar. Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar på grunn av sjukdom eller bruk av immundempande medikament kan kontakte helsestasjonen for å bestille time til 3. dose. Du må sjølv kunne dokumentere medisinbruken ved å ta med resepten eller sjølve medikamentpakka med påskrift som viser namnet ditt, eller dokumentasjon frå behandlande spesialist. Det skal gå minimum 4 veker mellom dose 2 og dose 3. For å bestille time til 3. dose, ta kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30): Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Tredje oppfriskingsdose:
Det er tilrådd med ei tredje oppfriskingsdose til:
– alle over 65 år og sjukeheimsbebuarar
– alle tilsette i helse- og omsorgssektoren
– alle over 18 år med underliggane helsetilstand som gir høg risiko for alvorleg sjukdom
– alle over 45 år

Vi følger denne prioriteringsrekkefølga:

1. Oppfriskingsdose til personar over 65 år
Det har tidlegare vore tilrådd med eit minimums-intervall på 6 månadar mellom andre dose og denne tredje oppfriskingsdosa. Nå kan intervallet kortast ned mot 5 månadar for personar over 65 år.

Alle over 65 år i Dovre blir i tur og orden kontakta pr. telefon med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert.

Eventuelle spørsmål tar vi når du blir kontakta med tilbod om time. Vi er godt i gang og planlegg for at alle over 65 år skal få tilbod om tredje dose før jul. Hugs at tidsintervallet mellom andre og tredje dose minimum må vera 5 månadar. Derfor er ikkje alle i gruppa 65+ klare for oppfriskingsdosa enda.

2. Helsepersonell
Folkehelseinstituttet har utvida tilråinga om ei tredje oppfriskingsdose til å gjelde alle tilsette i helse- og omsorgstenesta. Alle får informasjon om dette på eigen arbeidsplass. Det skal gå minimum 6 månadar mellom andre dose og denne tredje oppfriskingsdosa for helsepersonell. Vi er i gang med ei tredje oppfriskingsdose til helsepersonell.

3. Oppfriskingsdose til personar over 18 år med underliggande helsetilstand
Folkehelseinstituttet har beslutta å tilby ei tredje oppfriskingsdose til alle over 18 år med underliggande helsetilstand som gir høg risiko for alvorleg sjukdom. Det skal gå minimum 6 månadar mellom andre dose og ei slik tredje oppfriskingsdose.

Alle over 18 år i Dovre med underliggande helsetilstand blir kontakta med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose når vi er ferdige med å vaksinere alle over 65 år. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert.

4. Oppfriskingsdose til personar over 45 år
Folkehelseinstituttet har beslutta å tilby ei tredje oppfriskingsdose til alle personar over 45 år. Det skal gå minimum 6 månadar mellom andre dose og ei slik tredje oppfriskingsdose. Mange vil derfor ikkje vera klare for den tredje oppfriskingsdosa før i 2022.

Alle over 45 år i Dovre blir kontakta med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose når vi er ferdige med å vaksinere eldre over 65 år og risikogruppene over 18 år. Du treng ikkje ringe for å gi beskjed om at du er interessert.

INFLUENSAVAKSINASJON I DOVRE

Alle som ynskjer influensavaksine kan fortsatt bestille time for dette. Vi oppmodar personar i risikogruppene om å ta influensavaksine. Ring Dovre legekontor tlf. 61 24 22 00.

Legg merke til at det bør gå minimum ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine.
Du kan også nytte deg av apoteka sine tilbod om influensavaksine.

Smittesituasjonen i Dovre

Ingen (0) er i isolasjon eller i karantene i Dovre pr. i dag.

Koronavaksinasjon i Dovre

I veke 46 vart det sett 61 vaksinedoser totalt. 1 person fekk fyrste dose, 4 personar fekk andre dose og 56 personar fekk tredje dose. Totalt er det nå sett 4057 vaksinedoser i Dovre. 2176 har fått minst ei dose, og 1838 av dei har fått begge dosene. 266 har også fått ei tredje dose.

Innbyggjarar som ynskjer tilbod om fyrste eller andre dose koronavaksine kan fortsatt ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00.

Andre vaksinedose til 16- og 17-åringar
Alle 16- og 17-åringar som er elevar ved dei to vidaregåande skulane i Dovre, får tilbod om andre dose denne veka. Alle elevar er informert via skulen sin. Dette tilbodet gjeld også elevar med bustadsadresse i andre kommuner.

16- og 17-åringar i Dovre som ikkje får tilbod om andre dose på sin skulestad, eller som er i arbeid, kan ta kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30): Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Tredje vaksinedose
Legg merke til at det er tre ulike grunnar til å få ei tredje vaksinedose. Det er tilrådd med:
– ei tredje vaksinedose til pasientar med svekka immunforsvar
– ei tredje oppfriskingsdose til alle over 65 år og sjukeheimsbebuarar
– ei tredje oppfriskingsdose til helsepersonell med tett pasientkontakt
Under er forskjellen tydeleg forklart.

1. Helsepersonell
Helsepersonell med tett pasientkontakt skal få tilbod om ei tredje oppfriskingsdose. Dei dette gjeld blir informert via arbeidsplassen sin. Det skal gå minimum 6 månadar mellom andre dose og denne tredje oppfriskingsdosa for helsepersonell. Vi er i gang med ei tredje oppfriskingsdose til helsepersonell.

2. Oppfriskingsdose til personar over 65 år
Regjeringa har beslutta å gje ei oppfriskingsdose til alle over 65 år. Dette er eit tilbod til alle som har hatt god effekt av dei to fyrste vaksinedosene. Over tid blir beskyttelsen svekka og da er det tilrådd med ei oppfriskingsdose for å auke og forlenge beskyttelsen mot alvorleg sjukdom ved smitte av koronavirus. Det har tidlegare vore tilrådd med eit minimums-intervall på 6 månadar mellom andre dose og denne tredje oppfriskingsdosa. Nå kan intervallet kortast ned mot 5 månadar for personar over 65 år. Les meir hos FHI.

Alle over 65 år i Dovre blir i tur og orden kontakta pr. telefon med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose. Vi følger same prioriteringa som før, fyrst 85+, deretter 75-84-åringar og til slutt 65-74 åringar. NB: Intervallet mellom dose to og denne tredje oppfriskingsdosa skal vera minimum 5 månadar. Derfor er ikkje alle i gruppa 65+ klare for oppfriskingsdosa enda. Ver tolmodig – alle over 65 år blir kontakta med tilbod om vaksine etter kvart som tidsintervallet på 5-6 månadar er oppnådd. Vi er godt i gang!

3. Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar
Pasientar med alvorleg svekka immunforsvar på grunn av sjukdom eller bruk av immundempande medikament har generelt sett dårlegare respons på vaksinar samanlikna med friske personar. Desse pasientane kan få ein betre immunrespons ved å få ei ekstra vaksinedose. FHI tilrår derfor ei tredje vaksinedose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar. Det skal gå minimum 4 veker mellom dose 2 og dose 3. Les meir hos FHI.

Pasientar som bruker immundempande medisinar som står på lista under, kan kontakte helsestasjonen for å bestille time til 3. dose. Du må sjølv kunne dokumentere medisinbruken ved å ta med enten resepten eller sjølve medikamentpakka med påskrift som viser namnet ditt. Andre pasientar med alvorleg svekka immunforsvar og som er under behandling i spesialisthelsetenesta skal ha dokumentasjon frå behandlande spesialist. Har du fått brev frå spesialisthelsetenesta kan du også ta kontakt for å bestille time. Ta med brevet som dokumentasjon. Har du ikkje mottatt brev frå din behandlande spesialist, ventar du med å bestille time til du har fått dette.

For å bestille time til 3. dose, ta kontakt med Dovre helsestasjon (8:00-15:30):
Oddny Garmo tlf.: 917 91 621 / Ann Kristin Hagevold tlf.: 917 56 762.

Pasientar som bruker følgande medikament, er aktuelle for 3. vaksinedose:
Abatacept (Orencia®)
Adalimumab (Humira®, Hyrimoz®)
Anakinra (Kineret®)
Azathioprin (Imurel®)
Baricitinib (Olumiant®)
Belimumab (Benlysta®)
Brodalumab (Kyntheum®)
Certolizumab pegol (Cimizia®)
Ciklosporin (Sandimmun®)
Cortison >100 mg daglig >1mnd
Cyclofosfamid (Sendoxan®)1
Dexametason >= 3 mg daglig >1mnd
Etanerecept (Enbrel®, Benepali®)
Filgotinib (Jyseleca®)
Fingolimod (Gilenya®)
Golilumab (Simponi®)
Guselkumab (Tremfya®)
Hydrocortison >= 80 mg daglig >1mnd
Iksekizumab (Talz®)
Infliximab (Remicade®, Remsima®, Zessly®, Inflectra®, Flexabi®)2
Leflunomid (Arava®)
Merkaptopurin (Puri-Nethol®)
Metotreksat (Metex®, Methotrexat, Ebetrex®)
Metylprednisolon >= 16 mg daglig >1mnd
Mykofenolat (Cellcept®)
Okrelizumab (Ocrevus®) 2,3
Omalizumab (Xolair®)
Ozanimod (Zeposia®)
Prednisolon >= 20 mg daglig >1 mnd
Risankizumab (Skyrizi®)
Rituksimab (MabThera®, Rixathon®)2,3
Secukinumab (Cosentyx®)
Sulfasalazin (Salazopyrin®)
Takrolimus (Prograf®)
Tocilizumab (RoActemra®)
Tofacitinib (Xeljanz®)
Upadacitinib (Rinvoq®)
Ustekinumab (Stelara®)
Vedolizumab (Entyvio®)

Influensavaksinasjon i Dovre

Alle som ynskjer influensavaksine kan nå bestille time for dette. Vi oppmodar personar i risikogruppene på lista under om å ta influensavaksine. Ring Dovre legekontor tlf. 61 24 22 00.

Legg merke til at det bør gå minimum ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine.

Du kan også nytte deg av apoteka sine tilbod om influensavaksine.

Personar i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:

  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar til 5 år
  • Barn og vaksne med:
  • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

I tillegg er influensavaksine tilrådd til:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
    
Kort oppsummert

Synes du det er mykje informasjon om vaksinasjon? Dette er FHI si tilråing, kort oppsummert:

  1. Ta fyrste dose koronavaksine (frå 12 år).
  2. Ta andre dose koronavaksine (frå 16 år).
  3. Ta ei tredje dose om du har alvorleg svekka immunforsvar.
  4. Ta ei tredje oppfriskingsdose av koronavaksine om du er over 65 år.
  5. Ta sesonginfluensavaksine om du tilhøyrer ei risikogruppe.

Detaljert informasjon om kvart punkt finn du i teksten over.

Smittesituasjonen i Dovre

Ingen (0) er i isolasjon eller i karantene i Dovre pr. i dag.

Koronavaksinasjon i Dovre

I veke 45 vart det sett 83 vaksinedoser totalt. 5 personar fekk fyrste dose, 4 personar fekk andre dose og 74 personar fekk tredje dose. Totalt er det nå sett 3996 vaksinedoser i Dovre. 2175 har fått minst ei dose, og 1834 av dei har fått begge dosene. 210 har også fått ei tredje dose.

Innbyggjarar som ynskjer tilbod om fyrste eller andre dose koronavaksine kan fortsatt ringe Dovre legekontor på tlf. 61 24 22 00.

Tredje vaksinedose
Legg merke til at det er tre ulike grunnar til å få ei tredje vaksinedose. Det er tilrådd med:
– ei tredje vaksinedose til pasientar med svekka immunforsvar
– ei tredje oppfriskingsdose til alle over 65 år og sjukeheimsbebuarar
– ei tredje oppfriskingsdose til helsepersonell med tett pasientkontakt
Under er forskjellen tydeleg forklart.

1. Helsepersonell
Helsepersonell med tett pasientkontakt skal få tilbod om ei tredje oppfriskingsdose. Dei dette gjeld blir informert via arbeidsplassen sin. Vi er i gang med ei tredje oppfriskingsdose til helsepersonell.

2. Oppfriskingsdose til personar over 65 år
Regjeringa har beslutta å gje ei oppfriskingsdose til alle over 65 år. Dette er eit tilbod til alle som har hatt god effekt av dei to fyrste vaksinedosene. Over tid blir beskyttelsen svekka og da er det tilrådd med ei oppfriskingsdose for å auke og forlenge beskyttelsen mot alvorleg sjukdom ved smitte av koronavirus. Det skal gå minimum 6 månadar mellom andre dose og denne tredje oppfriskingsdosa. Les meir hos FHI.

Alle over 65 år i Dovre blir i tur og orden kontakta pr. telefon med tilbod om ei tredje oppfriskingsdose. Vi følger same prioriteringa som før, fyrst 85+, deretter 75-84-åringar og til slutt 65-74 åringar. NB: Intervallet mellom dose to og denne tredje oppfriskingsdosa skal vera minimum 6 månadar. Derfor er det mange i gruppa 65+ som ikkje er klare for oppfriskingsdosa enda. Ver tolmodig – alle over 65 år blir kontakta med tilbod om vaksine etter kvart som tidsintervallet på 6 månadar er oppnådd. Vi er godt i gang med dei eldste gruppene.